brorisolnedgang

Langlesing: Ei heilskapleg omvending

Dette foredraget om pave Frans' Laudato Si ble hold på retreat på Utstein av Haavar Simon Nilsen, ordensbror i St Dominikus kloster, og styremedlem i Korsvei.

Da eg fortalde medbrørne mine at eg skulle til Utstein for å snakke om Laudato Si var det ein av brørne som nemnde paragraf 44. Der står det blant anna: «Nabolaga er overfylt, og manglar grøne lunger i bykaoset.» Alle som har vore i St Dominikus veit at vår klosterhage med dei store almetrea er ei lita grøn lunge i bybilete. Så vår medbror syns det var fint å tenke på at me i alle høve gjorde eitt lite bidrag… Det er jo godt å ha sitt på det tørre ☺

«Lova vere du, min Herre!» Slik byrjar pave Frans sin encyklika Laudato Si (LS) når han skriv om miljøvern, med ein lovsong, med poesi over den vakre kloden vår. Paven sel i alle høve sin bodskap inn under parolen miljøet. Strengt tatt handlar det vel så mykje om Kyrkja si sosiallære enn om miljøvern, vil eg sei.

Det startar riktig nok med miljøaspektet. I dei innleiande avsnitta peikar han på vår felles heim, jorda vår, og på ansvaret me alle har for å ta vare på den sårbare planeten vår som no står under press. Han vil legge fram ein grøn, global plan, eit grep for å verje om ressursar og ein sårbar natur.

Individualisme vs fellesskapen
Men me kjem ikkje mange linjene ut i encyklikaen før me finn ytringar som sentrerar seg mot dei fattige, flyktningar, dei svakaste i samfunnet, og det ansvaret me har for dei svakarestilte gruppene. Det er interessant korleis paven lyfter fram det kollektive aspektet som både finn alliansar med gode krefter utanfor kyrkja, og samstundes refsar makteliten med det same perspektivet. For kva er det som skil konsumsamfunnet, kapitalistisk egoisme og liberalistisk politikk som sel inn sin bodskap i individets teikn? Det er haldninga til det kollektive. Me lever i eit mainstream-samfunn bygd på ein vulgær form for individualisme, der me i stadig mindre grad tek vare på kvarandre. I Noreg merkar me dette ikkje minst på det institusjonaliserte samfunnet der dei gamle sit einsame utan kontakt med barn og barnebarn. Me forventar at «nokon» skal ta ansvar. I Malmø drog dette ut i det fullstendig absurde ein vinter for nokre år sidan. Etter eit skikkelig snøfall var det ingen som blei einige om kven som hadde ansvar for snømåkinga. Malmø by med sine 300.000 innbyggarar stå pal stille i tre dagar! (Men dette var jo sjølvsagt i Sverige då). Uansett: Me vert stimulert frå alle kantar til fyrst og fremst å tenkje på oss sjølve.

Den vestlege verda har utvikla eit konsumsamfunn som ikkje tek tilstrekkeleg omsyn. Paven slår hardt ned på haldningar som aukar skilnaden på fattig og rik. «Might is right» seier verdsleg makt, «The winner takes it all»! (LS 82) Når alt handlar om økonomisk vinning vert individet eit konsum-objekt, som ein kan nytte til eiga formål.

Det er her pave Frans viser til kristendomens forankring i det motsette. Jesus, skriv paven, står i skarp kontrast til alt som vitnar om utnytting, og peikar på dei fundamentale evangeliske verdiane; rettferd, brorskap, fred og harmoni (LS 82). I kristentrua er det taparen som er vinnaren. Den krossfeste vert frelsaren. Dei siste vert dei fyrste, og dei fattige kviler på Herrens fang… Det er det solidariske samfunnet Gud vil ha, ein forpliktande fellesskap der vern om dei svakaste står høgast.

Den oppstandne Kristus er ikonet på det ulitmate formålet for universet, eit mikrokosmisk bilete på kva som er sanning og godt, og målestokk for alt menneskeleg virke (LS83).

Efeserbrevet snakkar om det nye mennesket, arketypen på det menneskelege. «Kled dykk i det nye mennesket, som er skapt etter Guds bilete til eit liv i rettferd og heilagdom i samsvar med sanninga». Det er fullendinga av bodskapen som allereie har vorte proklamert igjen og igjen i det Gamle Testamentet: Ta vare på enker og barnlause, flyktningar, dei fattige, slik som me kan lese i Jesaja:

Dette er fasten jeg har valgt: å løse urettferdige lenker, sprenge båndene i åket, sette undertrykte fri og bryte hvert åk i stykker, å dele ditt brød med sultne og la hjelpeløse og hjemløse komme i hus. Du skal se til den nakne og kle ham, du skal ikke snu ryggen til dine egne.

Tilsvaret til slike vers i GT finn me til dømes i Matteusevangeliet kapittel 25, som snakkar  om Kristi andlet i dei naudlidande, trengande og fattige.

Det har vore ein sterk antroposentrisk tilnærming til frelseslæra i Kyrkja i lang tid. Det har vore mykje forkynning om Gud som kom for å frelse menneska. Dette er ei innsnevring av kva frelse eigentleg inneber. Gud frelsar heile skapnaden. Gud frelsar historia. Frelsa ber i seg ein sosial grunntanke, ikkje individualisme. Her har nok protestantismen i allefall ikkje stått som ei motvekt, men langt heller prega samfunnsutviklinga i individuell retning, der frelsa for den enkelte har stått så sentralt. Og sjølv om vårt eige kyrkjesamfunn har ei lære som alltid held fram det kollektive aspektet kan me ikkje nekte for at me som kyrkjesamfunn er tungt merka av dei same individualistiske tendensane som formar og pregar samfunnet elles.

Individualismen er modernitetens store paradigmeskifte, der alt handlar om meg. Men det er i kontrast med frelseslæra i bibelen. Kvar finn du den bibelske tanken om at Gud vil frelse ein enkelt jøde? Gud frelsar folket Israel! Alle paktene omhandlar og referer til det kollektive aspektet. Dette treng me ta til oss. Me står i eit felles-jordisk frelsesprosjekt. Heile skapnaden, og alle skapte ting, går fram saman med oss, og gjennom oss, mot eit felles mål som er Gud (LS 83). Å kome dit er å kome til fullt openberra sanning. Det er denne sanninga me arbeider for allereie no. Dette fell seg jo naturlig å lyfte fram for ein dominikanar, ettersom vårt grunnmotto er Veritas. Me går på ein sanningsveg mot frelsa. Og på denne vegen har me eit val, -enten motstand, eller bevegelse. Motstand er synda, bevegelsen er nåde, miskunn og kjærleik.

Heile skapnaden vitnar om sanninga om Guds kjærleik skriv pave Frans. Jord, vatn, fjell, alt er som det skulle vere eit kjærteikn av Gud (LS 84). Heile encyklikaen er full av slike vakre linjer, poesi som paven brukar for å få sagt det som ikkje let seg femne berre innanfor det argumenterande språket.

Analyse av vår jordiske tilstand
Slik er tonen satt gjennom heile encyklikaen, der forpliktande fellesskap er berande. Det er ein tone som både trøystar og refsar. For pave Frans er det ikkje mogleg å snakke om miljøvern utan å snakke om dei milliardar fattige som vert råka av forureining og utnytting. Og når han snakkar om dei fattige peikar han samstundes på dei som gjer seg rike på andre si ulykke. Og då er vegen kort til å sjå på uretten i den skeive fordelinga av gode. Dermed rettar han snart sitt klåre blikk mot oss som nyt godt av rikdomen, utan å gjere stort for å dele med oss. Han slår ned på den vestlege, likegyldige haldninga som ber i seg aspekt av proteksjonisme og det han kallar kollektiv egoisme (LS 204). Klimaendringane, seier pave Frans, er eit verdsomspennande problem som ber i seg alvorlige konsekvensar, både på dei miljømessige, sosiale, økonomiske og politiske områda, og for alt som gjeld fordeling av gode blant vår store familie også kalla menneskeslekta (LS 25).

Det er ikkje berre naturgrunnlaget i vårt tilvere som er i ferd med å verte svekka. Menneskelege livskår smuldrar også. Vesten lid av usunn livsstil, mangel på venleik og harmoni, og eit kvardagsliv som skaper stress og fortrengjer omsorgsfulle relasjonar. Dermed er både i- og u-land prega av eit forfall som me treng å fri oss frå. I to hundre år, seier pave Frans, har me undergrave vårt livsfundament gjennom hardt profittjag og grov utnytting av naturressursane og menneske. No viser både jord og samfunn teikn på beresvikt som me ikkje lengre kan ignorere. Me har i dag kome til den erkjenninga, seier paven, at sann økologisk tilnærming alltid ber i seg ei sosial tilnærming, og me er kalla til ålye til skriket både frå vår eiga jord og frå dei fattige.

Det er ikkje så at tankegodset pave Frans presenterer er noko eineståande nytt for kyrkja. Allereie på 18-hundretalet veks katolsk sosiallære til, og ho tok til orde for vern av dei fattige sine rettar og behov. Dette skriv seg igjen inn i det evangeliske tankegodset som alltid har prega kyrkja sitt liv. Den grunnleggande premissen for all livsutfalding er solidaritet og omsorg, som gjeld for alt og alle. Det nye er kanskje at vår noverande pave er så orientert mot den felles samtalen, og vil ha alle sider av det menneskelege samfunn i tale. Forskinga har sin plass side om side med religion, og begge har perspektiv som gjensidig kan styrke kvarandre. Økonomi og politikk er viktige premissleverandørar for auka sensitivitet, medan læreinstitusjonar rustar nye generasjonar til betre å ta vare på vår felles heim.

Utfordringa for den enkelte og svaret i Inkarnasjonen
Men korleis skal eg, eit enkelt menneske, kunne stå opp i kampen for miljø og sosial rettferd, i ei verd som har økonomisk vekst som overordna prinsipp? Encyklikaen til pave Frans verkar overveldande, fordi den krev eit stort perspektivskifte som grip inn også i mitt eige indre og livspraksis. Han utfordrar meg som individ, og det varme språket og dei djupe tankane triggar også mitt eige samvit, og gjer meg famlande og unnvikande når eg prøvar å tenkje ut kva eg sjølv kan bidra med. Slik er det nok for mange. Det er ein bodskap som krev noko av oss, eit tilsvar, ein respons, eit val. Skal me oppnå omfattande og varig endring må det eit paradigmeskifte til, ein kulturell revolusjon for heile den menneskelege storfamilien som byggjer på forpliktande etiske verdiendringar og moralsk ansvarskjensle:

«Me må våge å gjere det som hender med og i verda til vår eiga, personlege liding. På det viset kan me oppdage kva kvar einskild kan gjere i livet sitt» formanar pave Frans (LS 19). Korleis?

I paragraf 84 skriv paven om korleis me kan nå nærmare oss sjølv ved å meditere over naturen slik me levde med den i barndomen. Å sitte ved eit tre, oppsøke stadene me leika ute, kanskje gjenoppdage gøymestadene, våre hemmelege plassar, alt slikt kan verke til å kome nærare vårt sanne eg. Her kjem me inn på forholdet mellom det konkrete og det universelle. Det å fasthalde det konkrete er eit grunnleggande prinsipp for inkarnasjonen, sjølve hjarta i kristentrua. Ein kan ikkje gå direkte til det universelle, det tek alltid vegen om det konkrete, dette «her og no», i det individuelle, det spesifikke. Me kjem til det universelle gjennom det spesifikke, konkrete. Og inntil det vert konkret er alt berre teori, ei intellektuell øving som ikkje er forankra i røyndomen.

Kvifor kunne ikkje sanninga om Gud openberre seg direkte, ope, universelt? I kristendomen vil me alltid peike på Kristus. For å bruke Pilatus sine ord: Ecce homo – sjå det mennesket. Gud formidlar sine universelle sanningar i ein målestokk som mennesket kan fatte. Nemleg den menneskeleg. Og dette eine mennesket, Jesus Kristus, formidlar sanning, fred og formanar til å gje slipp på frykt. Det er nett dette som er sjølve kruxet i trua. At Gud ikkje formidlar seg gjennom eit konsept eller ein idé, men gjennom eit menneske, det heilt konkrete. Så snart ein nærmar seg inkarnasjonsmysteriet vert mennesket konfrontert valet om å ta alt på alvor.

New-age har eit gudsbegrep som ikkje krev noko, det litt gud her og litt der. Det minner meg på eit dagsrevy-innslag på nittitalet, det var like før påske, og ei godt vaksen dame vart spurd: «Kva er påske for deg?» «Å, påske for meg, det er Kvikklunsj og appelsin og litt Jesus og sånn» Mennesket er freista til å halde den konkrete Gud på ei armlengdes avstand. På akkurat så stor avstand at Gud ikkje krev noko av meg. Dette ser me også i Johannesevangeliet, der halvparten av disippelskaren forlèt Jesus då han talar om å ete hans lekam og blod.

Men for oss finst ikkje denne avstanden. Så snart me har tatt inn til oss røyndomen om Gud og om Guds nærvær i skapnaden, vert me også konfrontert med vårt eige liv. Når dette vesle brødstykket vert den inkarnerte Kristus, då er det ikkje lengre ein universell ide. Då er Gud her og no. Og då vert alt anna også her og no. Då står du ovanfor Kristus i alle ting: i denne eine fattige. I denne flyktningen. I en ven som lid.

På dette viset utfordrar pave Fans alle til å fornye sitt dåpsløfte, og for ikkje-truande sjå seg sjølv som ansvarleg for vår felles lagnad. Og han formanar til endring av dei strukturelle mekanismane som i dag dreg oss bort frå sann velferd som inkluderer alle. Mennesket er ikkje ein passiv skapning i dette biletet. Det er medskapar, og me er alle kalla til å virke som reiskap i Guds hand, slik at med ved Guds rettleiing kan forme denne planeten til å finne si sanne form, ein stad der fred, venleik og det fullendte kan få utfalde seg (LS 53). Tek me utfordringa?

Sjølv om paven kjenner motkreftene frå dei kapitalistiske kreftene og dei destruktive mekanismane i våre vestlege samfunn, let han seg ikkje fordrive frå si målsetting. For trass mørke utsikter for framtida finst der håp. Mennesket evnar å gjere det verste, men er også i stand til å overgå seg sjølv, og velje det gode. Dette gjev von om ein ny start. Me har fått gåva å kunne sjå ærleg på oss sjølv, vedkjenne oss vår eigen indre missnøye, og sette ny kurs mot sannferdig fridom (LS 205). Miljøvern treng til sjuande og sist ei indre reorientering, ei hjartets omvending som gjer at me individuelt og kollektivt tek sunnare val.

Som truande kristne treng me Guds hjelp og styrkande kraft. Og ikkje minst vilje til å ta tak i dei mest openbare forvrengingane av kvorleis samfunnet vårt burde vere. Eg har snakka med enkelte prestar som meiner miljøencyklikaen er eit misstak, og at paven heller burde nytta anledninga til å snakke om meir trusretta, indrekyrkjelege ting, som til dømes nåde eller sakrament eller noko i den retning. Det gjev meg ei kjensle av at dei ikkje vil sjå inn i den materien som paven legg fram. Som om det er eit populistisk verk som legg seg etter samtida, men som eigentleg ikkje vedgår kyrkja. Då trur eg ikkje dei har lodda djupt nok i si tilnærming til Laudato Si. Dette er det kanskje fleire her som har synspunkt på, og det kanvere eit innsteg til vidare drøfting.

Som sagt nyttar pave Frans poesi for å nå gjennom lydmuren rasjonelle og irrasjonelle motforestillingar mot dette veldige fellesprosjektet som vår klode no ein gong er. Eg rundar av med ein av dei to bønene som me finn mot slutten av rundskrivet, som begge lyfter fram kjærleiken til skapningen og bøn om kraft til å søkje endring. Me lar pave Frans leie ordet til slutt i «ei bøn for jorda vår» (egen oversettelse): 

Allmektige Gud, du er til stades i heile universet
og i dei minste av dine skapningar.
Du femnar ømt alt som lever.
Gje oss krafta av din kjærleik,
slik at me hegnar om liv og venleik.
Fyll oss med fred slik at me kan leve
som brør og systrer utan å gjere andre vondt.
Å, Gud åt dei fattige, hjelp oss å berge dei einsame og bortgløymde i denne verda,
desse som er så dyrebare i dine auge.
Skjenk oss lækjedom i våre liv,
slik at me vernar om verda vår, og ikkje fortærer ho,
at me må så det som er fagert, ikkje forureining og øydelegging.
Rør ved hjarta
til dei som berre søkjer vinning utan omsyn for dei fattige og for jorda vår.
Lær oss å sjå det verd som finst i alle ting,
verte fylt av svimlande undring og sjå inn i djupna av ditt verk,
og lat oss vekse i erkjenninga av at me er djupt knytt til
til alt det skapte
medan me ferdast mot ditt evige ljos.
Me takkar deg for at du er med oss kvar dag.
Me ber deg, gje oss styrke og mot i vår kamp
for rettferd, kjærleik og fred.

Av: Margrete Kvalbein