baluba-2007-klovn

Dugnadsoppgåver

Det er mange ting som skal til for å få Korsveifestivalen i hamn. Kanskje du kan bidra med noko av det?

Barneverkstader

Ansvar for sjakkverkstad for 10-13-åringer. Me har instruktør som skal halde kurs første dagen, og så skal barna få bruke det dei har lært og spele sjakk (og andre brettspel) resten av veka. Kan du tenke deg å ta ansvar for dette?

Me skulle òg gjerne hatt fotoverksted. Det krev ikkje avanserte fotokunnskaper, kan du litt og vil inspirere barn til å ta bilder så er det alt som trengs.

Me treng òg folk som kan vere koordinatorar for det ulike verkstadene. Då har ein ansvar for å få samla barna og delt dei i smågrupper og hjelpe til med å få satt igang aktiviteten (i samarbeid med dei som leiar verkstadene).

Kjøre musikkinstrument til Seljord før festivalen

Skal du frå Oslo til Seljord og har plass i bilen? Me treng å få trommesett og el-piano til Seljord. Helst bør dei hentast lørdag eller søndag før festivalen, men om det ikkje er mogleg kan me ordne at dei blir satt inn ein stad. Dei må vere på Seljord seinast midt på dagen på tysdag.

SPRELL

Kan du ta ansvar for å filme barnesamlinga SPRELL? SPRELL treng òg folk som kan hjelpe til med rekvisitter og stå i døra og ønske velkommen. 

Nattverdsutdelarar

Kan du hjelpe oss med å dele ut nattverd på ei av gudstenestene under festivalen? 

Kjøre Seljord-Oslo søndag

Kan kjøre ein bil frå Seljord til Oslo søndag ettermiddag? 

Av: Margit Aas Onstein